tirsdag 27. januar 2009

Sammensatte tekstar. Mappeoppgåve 1

I går møttes vi på gruppe rød på Bergsøy skule for å ha ei litt idemyldring rundt mappeoppgåve 1. Vi snakka om kva som var problematikken, og kva som var alternative løysingar på oppgåva.
Vi oppretta og eit nytt tankekart i Mindomo.
Det var veldig greitt å høyre kva tankar og idear dei andre på gruppa hadde rundt m1 oppgåva.
So no er det bare å sette igang å skrive oppgåva. Har skrive meg ein liten disposisjon på kva som er viktig å ha med i oppgåva.

Eg har lasta ned comic life og testa det ut. Gøyalt program som gjer det enkelt å jobbe med samansette tekstar.
Her ser du bilde eg laga i comic life.






Tenkeverktøy 2, oppgåve 2 - Bridge Construction Set.

I leksjonen tenkeverktøy 2, var der ei oppgåve vi skulle konkurrere i bridge Construction set. Eg lasta ned programmet, og prøvde deretter å byggje bru utan å få " broken links". Eg prøvde berre på level 1, og greide til slutt å få til ei bru til en verdi av 4980 $, budsjettet var på 5000 $. Prøvde fleire gongar før eg fekk til ei bru som både holdt budsjettet og som var solid nok. Brua vart ikkje særlig pen å sjå på heller da, men so er eg ingen ingeniør :/ . Dette spelet/tenkeverktøyet veit eg igrunnen ikkje kva det kan være godt for..men sikkert artig for dei som berre ønskjer å prøve å byggje bruer, eller et gratis program for dei som ønskjer å bli ingeniører på dette feltet.. Her er brua eg bygde;











søndag 18. januar 2009

Første samling i DKL 102

Torsdag 15/1 og fredag 16/1 var første samlinga i DKL 102. Torsdag fikk vi diverse informasjon om studiet og arbeidskrav (blogg,nettside). Vi snakka om sosial programvare - presentasjon og kriterie for klassifisering.
Fredag fikk vi innføring i bruk av tankekart, og mindomo som samarbeidsverktøy. Vi fikk en kort introduksjon av mappeoppgåve 1.
I løpet av helga har eg konsentrert meg mest om å få oversikt over arbeidsmappa og bloggen min.

fredag 16. januar 2009

Testin testing Elena :)

Hei hei :)

Velkommen til min studieblogg for DKL 102 :)