fredag 27. februar 2009

Avsluttande arbeid til mappeoppgåve 2

Igår hadde vi eit nytt skypemøte angåande mappeoppgåve 2. Veldig grei måte å kommunisere og samarbeide i gruppe på synast eg =) Vi er godt igang med oppgåva, og vi blei enige om at vi skulle prøve å bli ferdige med den iløpet av dagen idag. Elena var ferdig med sin del av oppgåva, og vi andre skulle gjere oss ferdige med vår del til idag.

Igår kveld og idag har eg skrive ferdig og fått fletta inn min siste del av oppgåva som dreia seg om opphavsrett/personvern/kildekritikk. Eg har lese gjennom heile oppgåva, og prøvd å redigert der eg har følt det har vore nødvendig, og lagt til eit par lenkjer til litteraturlista som var gløymt. Hadde problem med å redigere i google docs idag, veit ikkje kva som var problemet...hikke so Linda skreiv. Linda har forresten gjort en kjempejobb med å flette sammen oppgåva idag!! Det må bere verte sagt! :) Eg synast alle på gruppe rød har gjort en kjempeinnsats på mappeoppgåva! Alle tek intiativ og er engasjerte, noko som også føre til at eigen innsats blir enda bedre =).

TAKK TIL DÅKKE PÅ GRUPPE RØD!

No tek ej helg!!






myspace layouts images

onsdag 25. februar 2009

Arbeid med mappeoppgåve 2

Sida mandag har eg jobba med mappeoppgåve 2, leita fram nettsider, lest pensum, blogga, redigert på forskjellig i arbeidsmappa mi og lest gjennom eit par leksjonar..pjuu..så no tar eg ei velfortjent pause til imårgå tidlig, då er det nytt gruppemøte på skype kl. 11.00.
Håpar at vi greie å gjere oss ferdig med oppgåva før neste veke.
Mappeoppgåve 1 var vurdert, og den må eg legge litt meir arbeid i..det var heldigvis ikkje mykje som måtte justerast på..mn itillegg er det semesteroppgåve i MKK som ventar, så det er mykje godt arbeid som ventar meg framover.
Det er onsdagskveld, so no blir det volleyball trening :) Skal bli godt å bevege seg og trene litt, i og med eg følar at eg nesten har grodd fast i kontorstolen her!!

myspace layout images

PEACE OUT!


tirsdag 24. februar 2009

Skypemøte, gruppe rød

Igår kveld hadde vi gruppemøte på Skype. Vi hadde litt problem med å høyre kvarandre, og det var litt skurring på linja av og til, men gikk forholdsvis greit. Vi blei enige om å dele resten av oppgåva, og ha neste skypemøte på torsdag 26/2 kl.11.00. Då ser vi evt. om vi må møtast face to face for å redigere og avslutte oppgåva.
Var innom fronter og mappeoppgåve 1 var ikkje vurdert. Då er det bare å sette igang...
Må ta med et artig bilde til slutt :)


myspace layout codes

mandag 23. februar 2009

Just blogging!

pimp myspace profile

Har fått gjort en del arbeid idag. Itillegg til å ha lese litt pensum, har eg skreve litt i samskrivingsdokumentet.. på tide med ei pause =)

Mappeoppgåve 2

Etter eit periode med ferie, sjukdom og arbeid med oppgåve i MKK 102, er eg endelig komen igong med arbeidet til mappeoppgåve 2. Har lest gjennom samskrivnings dokumentet som gruppa har lagt ut, og sett meg inn i oppgåva. Gruppa har avtalt å møtast på skype ikveld kl. 21.00.

tirsdag 27. januar 2009

Sammensatte tekstar. Mappeoppgåve 1

I går møttes vi på gruppe rød på Bergsøy skule for å ha ei litt idemyldring rundt mappeoppgåve 1. Vi snakka om kva som var problematikken, og kva som var alternative løysingar på oppgåva.
Vi oppretta og eit nytt tankekart i Mindomo.
Det var veldig greitt å høyre kva tankar og idear dei andre på gruppa hadde rundt m1 oppgåva.
So no er det bare å sette igang å skrive oppgåva. Har skrive meg ein liten disposisjon på kva som er viktig å ha med i oppgåva.

Eg har lasta ned comic life og testa det ut. Gøyalt program som gjer det enkelt å jobbe med samansette tekstar.
Her ser du bilde eg laga i comic life.






Tenkeverktøy 2, oppgåve 2 - Bridge Construction Set.

I leksjonen tenkeverktøy 2, var der ei oppgåve vi skulle konkurrere i bridge Construction set. Eg lasta ned programmet, og prøvde deretter å byggje bru utan å få " broken links". Eg prøvde berre på level 1, og greide til slutt å få til ei bru til en verdi av 4980 $, budsjettet var på 5000 $. Prøvde fleire gongar før eg fekk til ei bru som både holdt budsjettet og som var solid nok. Brua vart ikkje særlig pen å sjå på heller da, men so er eg ingen ingeniør :/ . Dette spelet/tenkeverktøyet veit eg igrunnen ikkje kva det kan være godt for..men sikkert artig for dei som berre ønskjer å prøve å byggje bruer, eller et gratis program for dei som ønskjer å bli ingeniører på dette feltet.. Her er brua eg bygde;











søndag 18. januar 2009

Første samling i DKL 102

Torsdag 15/1 og fredag 16/1 var første samlinga i DKL 102. Torsdag fikk vi diverse informasjon om studiet og arbeidskrav (blogg,nettside). Vi snakka om sosial programvare - presentasjon og kriterie for klassifisering.
Fredag fikk vi innføring i bruk av tankekart, og mindomo som samarbeidsverktøy. Vi fikk en kort introduksjon av mappeoppgåve 1.
I løpet av helga har eg konsentrert meg mest om å få oversikt over arbeidsmappa og bloggen min.