mandag 30. mars 2009

Informasjonskompetanse. Nettvibes

Idag har eg jobba med å lage min nettvibes. Dette syns eg var kjekt å halde på med, og eg er fornøgd med resultatet, sjølv om eg ikkje er helt ferdig. Her kjem eg til å forandre litt etterkvart. Det var ikkje vanskelig å lage seg nettvibes, men hadde nokre problem med å adde nokre feed.. hm..
Å lage netvibes er likevel tidkrevjande. I mappeoppgåve 3 om informasjonskompetanse skal vi beskrive et scenarie i skulen der det er aktuelt å bruke et netvibes om informasjonsnav.
Tanken min til oppgåva er at elevane skal ha et gruppearbeid i faget KRL, der kvar enkelt gruppe tar for seg en av dei fire store religionane.
I netvibesen som eg har laga til, har eg oppretta ei fane for kvar religion. Her kan elevane enkelt finne fram til sider som gjeld den religionen dei skal ta føre seg.
Det var mykje arbeid å finne fram til dei sidene eg skulle velgje å legge der. Eit viktig moment når det gjeld informasjonskompetanse, er bruken av kjelder.
denne sida, (NTNU), kan vi lære fire nyttige kriterier ein kan bruke når ein skal vurdere informasjon: T.O.N.E ;
Troverdighet
Objektivitet
Nøyaktighet
Egnethet
Dette er ein grei hugseregel, også for elevane når dei skal skaffe seg relevant informasjon og kritisk vurdere informasjonens verdi.

Her kan du sjå min nettvibes.

Er godt igang med mappeoppgåve 3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar