Mappeoppgåve 2 er levert, den ligg på nettsida.
På torsdag 5/3 hadde vi gjennomgang av Google earth. Eg lasta ned google earth 7. Som oppgåve skulle vi lage til ei veiledning til ei oppgåve for elevar der dei skal bruke google earth. Resultatet av oppgåva blei framsynt i klassa på fredag, sjølv om vi berre var delvis ferdige med den. Gruppeoppgåva vår om google earth ligg også på nettsida mi. I oppgåva skal ei klasse presentere heimstaden sin (Volda) for ei klasse i England. Dei skal bruke bilde, tekst og eventuelt lyd. Deretter skal dei lage en presentasjonsvideo i picasa 3, og deretter legge det ut i google earth. Det same gjer då samarbeidsklassa i England om sin heimstad. Her kan sjå gruppeoppgåva vår om google earth
Picasa 3 syns eg er et enkelt og oversikteleg program å bruke, og her er fleire muligheiter både med bilder og video.
Google earth har eg ikkje brukt mange gangar før, so det syns eg var spennande å få prøve meir av. Her er også mange muligheter for elevane, programmet er fint å bruke i både leik, læring og utforskning.
På forelesinga fredag 6/3 hadde vi om programmet google sketchUp. Her kan du "lage" det meste som 3-dimensjonalt. Vi fikk i oppgåve å tegne huset vårt, men etter å ha greidd ei etasje, vidauge, dør og tak, var det for min del stopp..men dette arbeidet må eg jobbe meir med, og sikkert gå gjennom instruksjonen til google skethUp..
I oppgåve i høve digital arena 1 & 2 skulle vi lage en bildepresentasjon via picasa. Her laga eg ein bildepresentasjon ifrå en dag vi var i skitrekket på Grotli. Eg la til tekst til kvar enkelt bilde. Teksta kan ein forandre på med både størrelse, farge og skrifttype, og korleis teksta skal visast på bilde.
Der er også moglegheit for å leggje til musikk til bildepresentasjonen vist ein ønskjer det, men det har ikkje eg gjort.
Her kan du sjå bildepresentasjonen eg laga:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar