Samling torsdag 18. mars og fredag 19. mars
På samlinga var det forlesing om videoproduksjon. Vi fikk testa ut videokamera og prøvd ut dei ulike funksjonane på kamera.
Øvingsoppgåver filming:
Alle i gruppa skal i løpet av øvinga ha prøvd seg bak kameraet.
Still inn kvitbalansen – prøv både automatisk, manuell og førehandsinnstillingane (kunstig lys
og naturleg lys)
Bruk manuell focus. Zoom inn på ein gjenstand og still inn fokus. Slå på auto-fokus og sjå om
kameraet rettar på fokusinnstillinga di. Slå fokus attende på manuell og zoom ut.
Still opp to gjenstandar. Ein i framgrunnen og ein litt lengre bak. Still iris på den lågaste
verdien. Fokuser på gjenstanden i framgrunnen. Skift fokus slik at gjenstanden i bakgrunnen vert skarp. Dette vert kalla fokus-skifte.
Prøv å filme nokre panoreringar. Husk på at panoreringa skal vera motivert, altså at det skal
liggje ei meining bak. Om du følgjer ein som går, skal det vera eit poeng at vi følgjer han
heile vegen mot eit eller anna.
Prøv med å bruke tilt når du filmar.
Prøv deg på ein zoom mot eller frå eit objekt. Prøv å unngå at motivet er plassert midt i ruta.
Når du zoomar bør objektet sin avstanden til den eine kanten av biletruta vera lik heile tida.
Prøv å kombiner zoom og panorering / tilt.
Set kameraet opp langs eit vindauge (var obs på at om du filmar ut gjennom vindauge, så er
det ein fare for at lyset vert ”brend ut”). Still kvitbalansen. Still opp ein person framfor
kameraet. Personen skal sjå nesten rett i kameraet. Lyset frå vindauget skal lyse opp halve
andletet til personen. Bruk reflektor på den halvdelen av personen sitt andlet som er i
skuggen. Sjå på skilnaden med og utan bruk av reflektor (vri på reflektoren mellom ”full
effekt” og ”ingen effekt”. Finn den beste avstanden mellom andlet og reflektor.
Film personen med bruk av ulike utsnitt. Total – halvtotal – halvnær – nær – ultra nær.
Sjekke karakteristikken på mikrofonen du brukar. Prøv kor langt til sida tek den opp lyden,
kor langt i frå lydkjelda kan den ta opp lyd. (ca 50 cm)
Klypp i kameraet
Få nokon til å utføre ei handling. Film handlinga ved å skifte mellom ulike utsnitt (bruk
mellom anna nær- og ultranære utsnitt) og med tanke på kontinuitet. De skal ”klyppe i
kameraet” – dvs. at de skal prøve å gjere opptaka utan å måtte bruke redigeringsutstyr.
Her er døme på ei handling: Ein person sit oppteken med noko. Personen mottek ein SMS og
strekker seg etter telefonen. Vedkomande reagerar svært dramatisk på meldinga. Personen
reiser seg og går ut gjennom ei dør. Film på begge sider av døra med tanke på å skape
kontinuitet. (Kva skjer på andre sida av døra, som har med SMS-meldinga å gjere?)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar