Øvingsoppgåve 1:
Innleiing:
Den fem grunnleggande ferdigheitene i læreplanen skal integrerast i kvart enkelt fag.
Det er ikkje noko unntak med den digitale ferdigheita, noko som stiller etter kvart store
krav til læraren sin digitale kompetanse. Dette er ikkje noko norsklæraren eller
musikklæraren på skulen skal ta seg av, det er eit kollektivt ansvar blant lærarane - alle
elevar skal få digitale verkty integrert i arbeidsprosessen sin i alle fag.
Oppgåve:
Gå inn i læreplanen Kompetanseløftet (UFD, 2006). Vel fag og trinn sjølv. Plukk ut eit
kompetansemål i faget, der bruk av digitale verkty inngår som ein del av
kompetansekravet. Bruk Bloom's taksonomi for å bryte ned kompetansemåla i delmål,
med vurderingskriteriuma over middels grad av måloppnåing, middels grad av
måloppnåing og under middels grad av måloppnåing. Bruk gjerne døma i leksjonen her i
arbeidet.
Omfang:
Omfang rundt 100-150 ord. Det vert ikkje stilt krav til akademisk oppsett i denne
oppgåva. Dersom du har påstandar, må desse likevel underbyggast, jfr fyrste avsnitt i
pkt 10 i denne leksjonen, øvingsoppgåve.
Svar:
Eit av kompetansemåla i Norsk etter 7. klasse;
"Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy"
Vi tek føre oss å lage samansette tekstar med bilder. Dette skal være eit individuelt arbeid i Norsk.
Vi skal sette dette inn i Bloom`s taksonomi (Modell som brukast ved vurdering).
• Kunnskap (Blooms taksonomi):
1-2 Gjengi, forklare, formulere (hukommelse, forståelse)
3-4 Anvende, sammenlikne,klassifisere (tillempe, analysere)
5-6 Utlede, vurdere, bedømme, beslutte (syntese, vurdering)
For å oppnå høg måloppnåing (syntese og vurdering) må elevane vise at dei kan velge ut bileter som passar til teksta som elevane skal presentere. Dei må også vete om dei har lov å publisere desse bileta. Og skal vidare begrunne kvifor dei har tatt dei valga dei har gjort i oppgåva.
For å oppnå middels måloppnåing (tillemping og analyse) må elevane vise at dei kan redigere og anvende bilda inn i teksta. Dei må kunne tilpasse størrelse på bilda slik at dei passar inn i teksta.
Lav måloppnåing (forståelse og hukommelse) Elevane viser forståelse og kan forklare korleis oppgåva skal gjennomførast. Gjennomføre og vise ein presentasjon med bilete i tekstane, og kan løyse oppgåva på en tilfredstillande måte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar